INFO

Nordisk folkemusikkfestival for barn og ungdom

i Verdalen 7.-9. februar 2020

Ca. 280 barn og unge

 

 kurs  -  konsertar  -  sosialt samvær
 

 Hemsing/Larsen

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing    Gjermund og Einar Olav Larsen

 

Folkrockbandet GRAS

 

 Ca. 40 artistar og instruktørar frå Finland, Sverige, Danmark og Noreg

 

Krydder: Alfred Larsen MGPjr (lilla Melodifestivalen).

 

Midtvinterdansen består av kurs, 3 konsertar og sosialt samvær.

Kursdelen er primært for utøvarar på vanleg fiolin, men det blir også gitt undervisning på akkompagnementsinstrument som piano/orgel, gitar, cello og bass. Alle kursdeltakarane får dessutan undervisning i dans, og spesielt dei yngste deltakarane får synge ein god del. Blås er også velkommen, men vi har ingen instruksjon på blås.

 

Vi har begrensa deltakarantall, og deltakarane må ha spelt minst 1½  år, og beherske melodiar med vanskegrad tilsvarande Juniorvalsen og Minisnoa.

 

  Påmeldingskjema blir lagt ut i veke 46

 

Påmelding innan fredag 17. januar

Spesielle gjester i år er søstrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Saman med brørne Gjermund og Einar Olav Larsen, som begge er medlemmar i arrangørlaget, vil dei stå for laurdagskonserten i Aulaen, Verdal vg skole. Desse søskenpara er på kvart sitt felt rekna blant dei leiande i Noreg, og opptrer både som solistar og i ulike grupper og settingar både nasjonalt og internasjonalt. Som kvartett har desse fire musikarane gjort mange turnéar og konsertar, og m.a. spela med Trondheim symfoniorkester. Programmet deira spenner frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, til verk av Bach, Ole Bull og kvartetten sin eigen Gjermund Larsen. I løpet av kurshelga vil det bli øvd på melodiar som kvartetten spelar på konserten, og på avslutningskonserten vil kursdeltakarane få spela eit par av desse melodiane.

GRAS er eit forholdsvis ferskt band som består av seks trønderdamer og ein mannleg perkusjonist. Alle sju har kvar sine ulike karrierar og eit stort nedslagsfelt med m.a. blues- og rockegitaristen Tora Dahle Aagård og musikalartisten Jeanette Hoseth. Felespellaren i gruppa, Anne Merete Kvelstad, har gått sin skole i Verdal jr.spellmannslag og er framleis medlem i laget.

Gruppa har skapt ein særprega, vokalsterk, folkeleg og upolert klang med tydelege referansar til rock- folkemusikk- bluegrass- country- og visesjangeren. Blandinga av humor og seriøsitet, enkle stev og mektige musikalske vokal- og bandarrangement gjer GRAS til ein svært spennande nykommar i det trønderske musikklivet. 

På konserten fredag vil GRAS også spela melodiar som vil bli brukt seinare i helga – og som vil bli framført med medlemmar frå GRAS og heile kursflokken på Gallakonserten søndag. GRAS består av: Jeanette Hoseth, Ingrid Elise Andersen, Tora Dahle Aagård, Solveig Salthammer Kolaas, Anne Merete Kvelstad, Astrid Rennemo og Sondre Mikalsen. 

 

Finlands mest kjente folkemusikkpedagog, Mauno Järvelä, professor og æresdoktor ved Sibeliusakademiet, er alltid med. Han formidlar, i lag med dotter si, Siiri Virkkala, alt frå enkelt tradisjonsspell til spennande og virtuos mix av "alle" musikksjangrar. 

 

Grensemusikken Verdal-Åre (Jämtland-Trøndelag) og er eit viktig tema for Mvd, og som alltid deltar fleire riksspellmenn og instruktørar frå Sverige, m.a. Anton Teljebäck, Anders Olsson & Mats Andersson.

Frå Danmark – Liv Vester Larsen.

Frå Røros kjem Mari Eggen, frå Trysil Else Myhr, frå Orkdalen Sturla Eide, frå Trondheim Ragnhild Endseth Hagerup (cello), frå Snåsa Sivert Skavlan (cello) og frå Meråker Katrine Høttmon (tangent/trekkspell).   

 

Mvd har alltid ei lang rekke lokale artistar og instruktørar med på laget.  

 

Song og språkforståing. Dei siste åra har språkforståing vorti stadig meir vektlagt. Dette blir vidareført i 2020 gjennom innlæring av songar frå dei respektive landa.

Runa Hestad Jenssen, Verdal, har ansvaret for og koordinerer songundervisninga.

 

Dans. Sjølv om det er fiolen/fiolinen/fela og slåttspellet som har hovudfokus på Mvd, fortener dansedelen eit eige avsnitt: Alle musikarane får danseundervisning. Dansen er i seg sjølv ein viktig faktor – ikkje minst sosialt, men òg svært viktig for at musikarane ikkje skal få overbelastning av intensiv kursspelling. Det er også viktig at musikarane  får "kjenne dansen på kroppen" gjennom sjølve å danse. 

 

Martin Myhr, i lag med Solveig Hårdnes og Maj Brit Slapgaard Larsen, har ansvaret for danseundervisninga – og for dansen på festen om laurdagskvelden. Det blir leika og dansa alt frå lokale songleikar til halling og lokal Trønderpols – og både på kursdelen og ikkje minst på laurdagsfesten, er både foreldre og mykje publikum forøvrig med på leiken. 

 

"Meisterspellmann".  Mvd2018 gjekk for første gong ut med nyskapinga "Meisterspellmann", der nokre få vidarekomne deltakarar fekk tilbud om individuell undervisning med Einar Olav og Gjermund Larsen som lærarar. Dette tiltaket vart ein suksess og vart vidareført i 2019, og er planlagt vidareført også i 2020.

Deltakarane skal ha øvd inn eit avtalt repertoar på førehand, og dei vil også få høve til å framføre melodien sin på Gallakonserten søndag.

Intensjonen er primært å løfte fram trøndersk tradisjonsmusikk i spennvidda frå musikkarven etter Hilmar Alexandersen til komposisjonar av Gjermund L.  

Krydder: Alfred Larsen MGPjr (lilla Melodifestivalen).

På søndagskonserten får vi også høre Alfred Larsen med meldodien han song i finalen på MGPjr 2019. Melodien vil bli øvd i løpet av helga, og kursdeltakarane vil få synge og spela med.

Festivalen er alkoholfri.

 

Eigar og teknisk arrangør av Mvd er Verdal juniorspellmannslag.

NORDISK FOLKEMUSIKKFESTIVAL

FOR BARN OG UNGDOM

i Verdal
 

Ca. 280 barn og unge

 kurs  -  konsertar  -  sosialt samvær

Kontaktinformasjon

Postadresse: Flåttaenget 21, 7657 Verdal

E-post: post@geiregil.no

Mobil: (+47) 9067 1038

©2018 MVD og Jüssi Music & Design

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
logo_hvit.png
Sirkel Foto - To Damer To Herrer