MELD DEG PÅ HER
MELD DEG PÅ HER
MELD DEG PÅ HER
INFO
Nordisk folkemusikkfestival for barn og ungdom
i Verdalen 3.-5. februar 2023
Ca. 280 barn og unge
kurs - konsertar - sosialt samvær
Hoven Droven
Konsert fredag 3. februar
Runa Hestad Jenssen – Gjermund Larsen – Trygve Brøske
Konsert laurdag 4. februar
Ca. 40 artistar og instruktørar frå Finland, Sverige, Danmark, Estland og Noreg
Midtvinterdansen består av kurs, 3 konsertar og sosialt samvær.
Kursdelen er primært for utøvarar på vanleg fiolin, men det blir også gitt undervisning på piano/orgel, trekkspell, gitar, cello og bass. Blås er også velkommen. Alle kursdeltakarane får dessutan undervisning i dans, og spesielt dei yngste deltakarane får synge ein god del.
Vi har begrensa deltakarantall, og deltakarane må ha spelt minst 1½ år, og beherske melodiar med vanskegrad tilsvarande Juniorvalsen og Minisnoa.




Spesielle gjester i år er den svenske folkrock-gruppa Hoven Droven – "The coolest Folkrockband in Sweden".
Bandet – med Kjell-Erik Eriksson i spissen – står for fredagskonserten.
Hoven Droven deltar og øver med kurset heile helga, og på avslutningskonserten får kursgjengen spela innøvde melodiar i lag med gjengen. Hoven Droven har haldi det gåande i 30 år og vart nyleg tildelt Østersund kommunes kulturpris.
Frontfigur er felespellaren Kjell-Erik Eriksson frå Östersund. Han spelar "låtar" på trad. vis – med rockeorkester som komp.
Dette vil bli eit inspirerande samspell for kursflokken og ei flott oppleving for publikum.
Bandet består av Jens Comén (sax), Björn Höglund (perkusjon), Pedro Blom (bass), Bo(sse) Lindberg (gitar) og Kjell-Erik.
Runa Hestad Jenssen – Gjermund Larsen – Trygve Brøske holder konsert laurdagskvelden.
Programmet spenner frå lokale gjetarmelodiar og lokkesignal via polsdansen «Brings’n» e. Paul Okkenhaug (frå Gjermunds bestillings-verk «På eigen gard»), til melodiar Runa og Gjermund brukte under Trondheim Kammermusikkfestival, «Kamfest», i september 2022.
Det blir også med ein smakebit frå «Havfruen», teaterstykket som inneverande sesong (H22) går på Trøndelag teater, der Gjermund er både komponist og spellmann.
For første gong har Mvd gjester frå Estland – nemleg spellmannslaget "Tuuleviiul" frå Tallinn med Kirsti Alas i spissen. Dette er ei spennande ungdomsgruppe som Verdal juniorspellmannslag vart kjent med under Kaustinen Folk Festival i sommar.
Tuuleviiul har egen avdeling på laurdagskonserten.
Finlands mest kjente folkemusikkpedagog, Mauno Järvelä, professor og æresdoktor ved Sibeliusakademiet, er alltid med. Han formidlar, i lag med dotter si, Siiri Virkkala, alt frå enkelt tradisjonsspell til spennande og virtuos mix av "alle" musikksjangrar. Siiri og Mauno kjem frå Kaustinen – kjerneområde for finsk folkemusikk, med ein av Europas største folkemusikkfestivalar. Denne gongen har dei igjen med seg eit heilt juniorspellmannslag "Näppärit".
Näppärit garanterer for flott musikk og song – og har egen avdeling under Gallakonserten.
Grensemusikken Verdal-Åre (Jämtland-Trøndelag) er og eit viktig tema for Mvd, og som alltid deltar fleire riksspellmenn og instruktørar frå Sverige, m.a. Anton Teljebäck, Anders Olsson & Mats Andersson.
Frå Danmark – Liv Vester Larsen. Frå Røros kjem Mari Eggen, frå Orkdalen Sturla Eide, frå Snåsa Sivert Skavlan (cello) og frå Meråker Katrine Høttmon (tangent/trekkspell).
Mvd har alltid ei lang rekke lokale artistar og instruktørar med på laget.
Song og språkforståing. Dei siste åra har språkforståing vorti stadig meir vektlagt. Dette blir vidareført i 2022 gjennom innlæring av songar frå dei respektive landa.
Dans. Alle deltakarane på Mvd får danseundervisning. Dansen er i seg sjølv ein viktig faktor – ikkje minst sosialt, men òg svært viktig for å unngå overbelastning av intensiv kursspelling.
Gjennom dansinga får kursflokken lære seg danserytmen ved å "kjenne dansen på kroppen".
Martin Myhr og Signe Dorthea Krohn Gjessing, i lag med Maj Brit Slapgaard Larsen, har ansvaret for danseundervisninga – og for dansen på festen om laurdagskvelden. Det blir leika og dansa alt frå lokale songleikar til halling og lokal Trønderpols.
"Meisterspellmann". Mvd2018 gjekk for første gong ut med nyskapinga "Meisterspellmann", der nokre få vidarekomne deltakarar fekk tilbud om individuell undervisning med Einar Olav og Gjermund Larsen som lærarar. Dette tiltaket vart ein suksess, og er planlagt vidareført også i 2023. Deltakarane skal ha øvd inn eit avtalt repertoar på førehand, og dei vil også få høve til å framføre melodien sin på Gallakonserten søndag. Intensjonen er primært å løfte fram trøndersk tradisjonsmusikk i spennvidda frå musikkarven etter Hilmar Alexandersen til komposisjonar av Gjermund Larsen.
Festivalen er alkoholfri.
Eigar og teknisk arrangør av Mvd er Verdal juniorspellmannslag.